Betingelsar og vilkår

Om smykket du har bestilt er på lager vert bestillinga sendt som registrert sending 1-3 virkedagar etter at bestillinga er gjennomført. I tillegg må ein rekne 1-3 dagar postgang. Tek forbehold om lenger leveringstid i samband med feriar og høgtider.
    NB! Det kan skje at produktet ikkje er på lager til ei kvar tid!   Difor er det VELDIG viktig at du skriv i komentarfeltet undervegs i bestillinga dersom dette er noko du MÅ ha innan ein viss dato. Om vi ser at det ikkje er muleg å få det ferdig til gitt dato kontaktar vi deg og du får tilbakebetalt beløpet. Leveringstid dersom vara ikkje er på lager kan vere inntil 2-4 veker avhengig av kva produkt det er.
Det er 18 års aldersgrense for å bestille i butikken.
 

 Alle smykka er designa og laga personleg av gullsmed og filigransarbeidar Anne Lise Vaksdal Øvrebø.
Smykka skal vere stempla med logo (visst det er plass), evt eit anna ansvarsmerke i tillegg til gehaltstempel 925 (sølv) eller 585 (gull).


 Betalingsmåte
 Øvrebø Smykkeverkstad brukar Stripe og PayPal som betalingspartner, her kan du betale med bank-kort, kreditt-kort (Visa, Mastercard o.l). Les meir om Stripe og paypal her:
https://stripe.com/no og her  https://www.paypal.com/no/cgi-bin/webscr?cmd=xpt/Marketing_CommandDriven/securitycenter/buy/Privacy-outside
Er det ein annan betalingsmåte som høver betre for deg? Då må du ta kontakt på e-post eller telefon.
Eg sender deg t.d. ein faktura på e-post eller du Vippsar, og så snart den er betalt sender eg bestillinga di.


Prisar
 Alle prisar innkluderar 25% moms og er oppgjeve i norske kroner. Dersom moms eller andre avgifter endrast vert prisane endra tilsvarande.

 Bestilling
 Ein ordre er gyldig når betalinga er fullført. Ordrebekrefting får du pr.e-post. Innlagt bestilling er bindande. Om du allikavel ikkje ønskjer denne handelen, ver vennleg å ta kontakt snarast slik at begge partar sparar tid og arbeid.

Levering og Fraktkostnadar
 
Alle produkt sendast som registrert sending og har eit fast beløp på 150,-
Dvs at både du og eg kan spore pakka undervegs og at du får ein sms eller epost når pakka kan hentast/vert levert.


Levering til utlandet
 Betingelsar gjeld kun for salg i Norge med Svalbard og Jan Mayen. Evt. fraktomkostningar til sistnevnte, må takast over telefon etter ordreregisrering. Kundar utanfor dette området må henvende seg til oss pr. brev, e-post eller telefon.

 Undersøking av produkta
 Etter at du har motteke produkta, må du, så snart du har anledning til det, undersøke om leveransa er i samsvar med ordrebekreftinga, om produkta er blitt skada under transport, eller om produkta eller har feil eller manglar. Øvrebø Smykkeverkstad har fokus på solid og godt handverk, om det allikavel skulle vere avvik på kvaliteten må du ta kontakt med oss omgåande.

 Uavhenta pakker
 Posten sender ut melding på sms eller epost til deg om at pakka kan hentast straks den er registrert på ditt lokale postkontor. Dersom pakka ikkje er henta innan 14 dagar, returnerast den til oss.
Øvrebø Smykkeverkstad forbeheld seg retten til å avkreve et gebyr på 250 kr dersom sendinga ikkje vert henta. Dette gebyret dekker kostnadar ved behandlinga av returen.
Å ikkje hente pakka, er ikkje det samme som å benytte seg av angreretten.
Ønsker du å benytte deg av 14 dagars angrerett må det avtalast på tlf eller epost, du må då hente ut pakka og ta kontakt for å få returinformasjon. Benyttar du deg av denne retten, vil du kun betale returfrakt.

 Angrerett
 Angrerettlova gir deg rett til å angre ditt kjøp. Alle retursendingar må avtalast på telefon eller e-post før retursending. Angreretten forutset at du seinast innan 14 dagar etter at du mottar leveringa gir oss melding om dette (angrefrist).
For at angreretten skal kunne gjerast gjeldande, må produktet være levert oss i samme stand som du mottok det. Produktet må vere ubrukt og leverast tilbake i tilhøyrande emballasje. Returporto må betalast av deg. Du har risikoen for transporten tilbake til oss, difor bør du sende det som rekomandert brev eller som pakke slik at sendinga kan sporast. Tilbakebetaling skal finne stad innan 3 veker etter at vi har motteke produktet frå deg. Angrerettskjema skal ligge ved i returpakka, ferdig utfylt. Nærare opplysningar om korleis du benyttar deg av angreretten, framgår av angrerettskjemaet.
Viser elles til innhaldet i angrerettslova.

VIVB.dsfdsf...df.
VIdsf 

Vi tek forbehold om prisar som openbart er feil og vesentlege svingingar i råvareprisane. Spesielt gjeld det gullprisen.