Kundekretsen min veks, det er så kjekt og eg er veldig takknemleg!
At du vel å besøke nettbutikken min og kanskje i tillegg handle noko fint til deg sjølv eller andre er eit stort bidrag for å halde i gong ein arbeidsplass i ei lita grend.
På grunn av auka etterspurnad gjer no 1 tiltak for å klare å levere like gode handlaga smykker framover.
(Kvifor eg gjer dette kan du, om du vil, lese om lenger nede på denne sida.)

* FRÅ 3 VEKER PRODUKSJON- OG LEVERINGSTID.
Smykka blir som regel produsert i etterkant av di bestilling. Eg har til ei kvar tid eit utvalg ferdig opplaga, hastar det å få smykket i hus kan du ta kontakt så ser vi på korleis vi kan løyse det og kva som er muleg å få til. (Har eg ferdig opplaga det du bestiller sender eg sjølvsagt ved første høve.)

Litt ventetid er vel ikkje det verste eller?
Kan vi klare å få dette til? Eg håpar!
Eg er klar over at enkelte helst skulle hatt smykket i går. Vi er ofte litt i siste liten med slike små men viktige ting i livet vårt. Plutseleg er dagen her ikkje sant? Kva skal vi gje til alle som har alt? Smykke er ofte eit godt valg, veldig mange blir glade for å få slike personlege gåver, gjerne med ei lokal historie, designa og laga på ein liten gullsmedverkstad i ei lita grend.

Litt om kvifor det er frå 3 vekers leveringstid:
Sånn eigentleg treng vi vel ikkje ei forklaring på at det er ei viss leveringstid på handverksprodukt?!
Det seier seg mykje sjølv, men eg vel likevel å legge til litt ekstra informasjon:
At det no framover vil vere frå 3 veker produksjons- og leveringstid på smykker frå min verkstad har fleire grunnar. Eine grunnen er at det tek lenger tid å sende med Posten. Posten innførte i juli ei ny ordning der dei hentar/leverer post hos meg/deg 3 dagar eine veka og 2 dagar neste, altså annankvar dag og annakvar veke med 2 eller 3 dagar.
Så om eg har pakka klar til sending kan den altså bli liggande ein og to ekstra dagar på verkstaden før den blir sendt.

Sus og flyt:
No sit eg med den kjensla som eg kan kjenne att frå barndommen då eg susa avgarde på sykkelen min (ned Nerbøgeilane om du er lokalkjend). Det var så herleg å trå fort fram til bakketoppen og berre suuuuuse nedover! Så herleg!
Då eg nærma meg Døsa så kjende eg plutseleg ei skjelving i rattet, eg forstod ikkje heilt kva som skjedde, det rista og kjensla av å miste kontrollen vart med eit veldig tydeleg. Eg bremsa, men det tok tid å gjenvinne kontrollen på sykkelen. Dette er såpass lenge sidan at sykkelhjelm var eit framandord.
Den dag i dag tenker eg alltid på den episoden når eg susar nedover der, eit lett ubehag, redd for å minste kontrollen, men eg veit kva som skal til for å unngå å havne i grøfta; brems i tide!

Enkelte dagar på verkstaden får eg no den samme kjensla, men i form av stress.
Eg jobbar med handverk, det tek den tida det tek, nyttar ikkje å stresse med det. Joda det har skjedd, då gjer eg feil og må starte på nytt, brukar mykje ekstra tid. Hastverk er lastverk, det kjenner vi alle til.
Det er ein del administrativt knytt til bestillingar, her må hovudet vere skjerpa for at alt skal gå riktig føre seg. Administrasjon og kreativitet er ikkje som hand i hanske, så eg treng litt romsleg med tid for å få ein arbeidskvardag som fungerer og få flyt i produksjonen. Med knappe fristar osv så blir det ein veldig ueffektiv produksjon.
Det er mange hattar i løpet av ei dag og det hender at den ukontrollerte kreativiteten min blir lite velkommen. Eg har liksom ikkje tid til den! Eg skal ta bilder av modellane eg lagar, redigere og legge det i nettbutikken, rekne prisar og utvikle nye seriar. Selge, eg lyt vere selgar om eg vil eller ikkje. For å nemne noko.
Alt dette er ting eg likar. Det er det som er jobben min, men det er eg som lyt styre farten for å levere gode handverksprodukt til deg som kunde.

Sidan eg har gjort meg erfaringar både på sykkel og anna gjer eg det einaste som fungerer for å unngå grøfta:
Eg bremsar!
Det er ikkje noko dramatisk å bremse litt og gjere tiltak, det er ikkje noko som stoppar opp - men eg håpar at eg med dette kan få ein meir effektiv arbeidskvardag og få tilbake kjensla av kontroll. Som sagt; eg har alltid eit utvalg ferdig opplaga, og det er absolutt muleg å ta kontakt om du lurer på kva eg har liggande klart :-)