OMSMELTING AV GULL

🌸

Det er stor interesse for å smelte om sitt eige gull.
Eg er glad for at eg no kan gjere dette igjen på min verkstad.
Mange har gull dei av ulike årsaker ikkje brukar lenger, og det har gjerne lagt i skuffa i årevis.
Kanskje ein har arva noko som har stor affeksjonsverdi men som har eit design som ikkje er det ein ønskjer å bruke i dag. Då er det stas å få smelta det om til noko nytt som ein veit ein kjem til å bruke. Fleire ønskjer å gje dette i gåve til barn og barnebarn.
Gull frå besteforeldre og andre i slekta kan no bli til eit heilt nytt smykke.

Gullet er det samme, eigargleda minst like stor!

🌸

Sandstøyp
Frå sandstøypeprosessen. Eg lagar avtrykk av modell i ein spesiell sand. Den er litt feit og kan pressast saman. Hjartet plukkast ut og ein lyt gå over avtrykket og 'rydde' opp og fjerne overflødig sand. Når det er gjort lagar eg eit innløp der det smelta gullet skal smelte inn. Forma settast nøyaktig saman og ein er klar for neste steg.


Eg nyttar oftast metoden sandstøyping når eg smeltar og lagar nytt av gammalt gull, men det kjem an på kva modell du vil ha. Denne prosessen er enkelt forklart ein heilt annan enn korleis eg vanlegvis produserer smykker.
Litt tidkrevjande og produksjonen gjer at kvart einaste nye gullsmykke blir unikt.
Difor kostar det også meir å produsere på denne måten, pris pr modell for arbeidskostnad er frå kr 1900,-

🌸

Litt forbereding før vi går i gong:
Sjå gjerne i nettbutikken smykkeverkstad.no for å kartlegge kva type modell du har lyst på.
Mange av mine modellar fungerer veldig godt til å bruke som utgangspunkt til omsmelting.
Hjarte og kule er veldig populære, dette er typiske tunge modellar som veg ein del og vil vere kostbare å kjøpe utan eige gull. Om du er usikker på om du har nok gull kan du ta kontakt så finn vi ut av det.

Omsmelting til hjarteHer ser du eksempel på eit ganske stort massivt hjarte i gull. Hempa er spesiallaga og slik at ein kan henge eit Hjarte Midi attmed. Du kan fint kombinere som her; ditt eige gull og kjøpe eit hjarte i sølv i tillegg. Eit slikt hjarte i gull vil komme på omlag 2700,-. Kjede og sølvhjartet kjem i tillegg.



🌸

Sjå etter stempel på smykka dine.

Sjå etter stempel 585 som er mest vanleg her i Norge (evt. 750).
Dersom du har forstørrelsesglas er det lurt å bruke.
Finn verken du eller eg stempel er det muleg å ta ein gulltest på verkstaden.
Eg blandar ikkje gult og kvitt gull i samme smelt.

🌸

Greitt å vite!
Når ein blandar og smeltar gull frå ulike produsentar som har ulike legeringar kan det oppstå nokre utfordringar.
Det kan komme små lufthol i overflata som vi kallar for porer. Dette er som regel ikkje skjemmande på eit smykke der overflata er røff eller ujamn frå før. Anbefalar å ikkje velje høgglanspolert overflate sidan porer vil bli framheva på ei blank/glatt overflate. Denne problemstillinga er noko knytt til produksjonsmetode og varierer i omfang.
Ofte er det kun gullsmedaugene som ser eller ser etter desse porane
😊
Det brukte gullet ditt som eg smeltar om kan eg ikkje stemple med gullstempel når det er ferdig produsert.
Grunnen til dette er at når gullet blandast saman med loddemetall som mest truleg er i smykkene så kan ein ikkje garantere at gehalten på den ‘nye legeringa’ er 14K/585.

🌸

Du har kanskje høyrt om både omsmelting og byttegull?
Dette er 2 heilt ulike ordningar.
Gull som betalingsmiddel er det som oftast blir kalla "byttegull".
Det fungerer på den måten at ein leverer inn sitt eige gull i ein butikk og kan ta ut varer for dagens verdi av gullet i butikken. Ein nyttar då gullet som betalingsmiddel. Denne ordninga har ikkje eg.
Eg kjøper heller ikkje gull av kundar.

Eg får ein del spørsmål om å smelte om sølv, men pga pris på arbeidet vil det ikkje svare seg å bruke eige sølv til å produsere på denne måten.