- FERIETID -

🌸

Denne sommaren er verkstaden stengt frå og med 15 juli - 16 august.
Nettbutikken smykkeverkstad.no er open heile tida, men det som blir bestilt i tidsrommet 10 juli - 16 august blir ikkje produsert og sendt før etter 16 august.

Det ser kanskje råflott ut med 4 veker ferie, men det er kun på papiret.
Deler av tida går med til andre ting i drifta, men det blir ingen produksjon i det tidsrommet.

🌸

- TID -
Det eg får flest spørsmål om, gjerne fleire gongar i veka er;
når butikken er open?
Veldig kjekt at så mange har lyst innom!
Sanninga er at eg eigentleg ikkje har noko butikk, i alle fall ikkje slik vi aller fleste tenker om ein butikk, altså at det er faste opningstider. Eg har ein verkstad med eit lite utsalg. 4 ofte velfylte monterar står der med smykker til salgs og ja, ein kan nok såleis kalle det ein liten butikk.
Eg har fin salgsdisk, kassastystem og mange kundar innom. Og eit skilt eg set ut der det står OPE på...
Produksjonen er i vekst og verkstaden har stadig ete litt av arealet i 'butikken'.
Eg håpar det er kjekt å få litt innblikk i forskjellig verktøy og utstyr som blir brukt på ein gullsmedverkstad sjølv om plassen no er litt liten :-)

Sidan eg har mange hattar å styre med der eg gjer alle oppgåver i bedrifta i tillegg til å ha 3 ungar så får eg ikkje til å kombinere alt det med å vere faste tider på verkstaden. Enkelte dagar jobbar eg lenge, andre dagar kortare, alt etter kva arbeidsoppgåver eg har den dagen.

🌸

Det er fullt muleg å gjere avtale for å komme innom verkstaden.
(ikkje i ferietida, men elles i året)
Ring eller send sms til min jobbtelefon: 45471849
(Den er ikkje med meg døgnet rundt)

🌸