Åkle anheng storleik 1

Velkommen til Øvrebø Smykkeverkstad

Eg har ikkje alle modellane på lager til ei kvar tid. Det betyr at eg ofte produserer i etterkant av bestilling så difor lyt ein rekne noko leveringstid. Skal du helst ha bestillinga innan ein viss dato skriv du det i kommentarfeltet så skal det nok gå å få i tide :-)
 

Åkle anheng storleik 1
kr 950 Ekskl. moms: kr 760

Ordet åkle kjem frå det gamalnorske ordet àklæethi som betyr sengeteppe. Åkle er eit vove teppe med ulike mønster som varierar frå stad til stad. Åklea vart brukt som sengeteppe, dekorative bordteppe, veggpryd og som kyrkjekunst. I dag er teppa ein del av vår kulturarv. Eg har freista å ta tradisjonen vidare på min måte med mitt handverk. Mønsteret eg har valt ut er frå eit smettåkle med lange tradisjonar i Jølster.

  • 925 sølv
  • 17 mm frå spiss til spiss
  • kjede er inkl i prisen

Tilgjengelige muligheter


* Velg lengde på kjede - veneziansk:

Antal: Legg i handlekorg