Om gullsmeden

Øvrebø Smykkeverkstad vart etablert i 2003 av gullsmed og filigransarbeidar Anne Lise Øvrebø.
Verkstaden og galleriet ligg rett ved E39 på Ålhus i Jølster.

Godt solid handverk vert i dag kombinert med ny teknologi, dette skapar smykke som har eit eige særpreg.
Det vert jobba med å utvikle gode modellar og kolleksjonar der mange har funne sine favorittar. Enkelte produkt vert laga kun i eit begrensa tal.

Anne Lise er gift og har 3 barn på 5, 10 og 12 år. Heile familien bur på garden ho vaks opp, 'Kringla' på Ålhus.
 

 

Utdanning:
1995-1996: Grunnkurs formgjevingsfag
1996-1997: VK1 teikning, form og farge
1997-1998: VK1 gull og sølv - Valle i Setesdal
1998-1999: VK2 reklame, illustrasjon og design
1999-2001: Lærling hos Hasla as i Valle. Sveinebrev i filigransarbeidarfaget
2001-2002: Lærling hos Goldline Ulf Larsen i Oslo. Sveinebrev i gullsmedfaget
2003 til dags dato: eigar og drivar av Øvrebø Smykkeverkstad