Viser til standard salgsbetingelsar for forbrukerkjøp av varer over Internett.
Utdrag av denne og praktiske opplysningar om ditt kjøp:
Det er 18 års aldersgrense for å bestille i nettbutikken.
Det som er muleg å legge inn bestilling på er på lager og vil bli sendt i løpet av 3 virkedagar, evt avtale om henting i løpet av 3 virkedagar.

Betalingsmåte
ØVREBØ smykkeverkstad brukar Zettle by PayPal som betalingspartner, her kan du betale med bank-kort, kreditt-kort (Visa, Mastercard o.l).

Levering og Fraktkostnadar:
Alle produkt sendast som Norgespakke og har eit fast beløp på 79,- Bestillingar med verdi under 2500,-: sendast som Norgespakke 0-5 kg og blir levert direkte i din postkasse dersom det er plass (viss ikkje plass må du hente sjølv på Posten). Dersom du av ulike årsaker ikkje ønskjer at pakken blir levert direkte i din postkasse må di gje beskjed til ØVREBØ smykkeverkstad.
Sendingar med verdi over 2500,-: sendast som Norgespakke 0-10 kg og må henast på Posten.

Ved å handle i nettbutikken trengs det enkelte peronopplysningar for å sende bestillinga til deg. Desse opplysningane vert kun brukt til dette føremålet:
Navn og adresse: for å kunne sende pakka til deg og til di adresse
Epost:
Når bestillinga di er gjennomført får du ein automatisk ordrebekrefting til epostadressa di. Du kan bli kontakta på epost frå gullsmeden om det er spørsmål kring ordren din eller andre ting som omfattar detaljar på smykket, sendinga eller anna som omfattar bestillinga.
Telefonnummer:
Du vil få hentemelding på sms frå posten når pakka er på veg eller er komt fram til hentestaden/post i butikk. Du kan bli kontakta på telefonnummer frå gullsmeden om det er spørsmål kring ordren din eller andre ting som omfattar detaljar på smykket, sendinga eller anna som omfattar bestillinga.

Prisar Alle prisar innkluderar 25% moms og er oppgjeve i norske kroner. Dersom moms eller andre avgifter endrast vert prisane endra tilsvarande.
Bestilling Ein ordre er gyldig når betalinga er fullført. Ordrebekrefting får du pr.e-post, dersom du ikkje får det må du sjekke at du har oppgjeve riktig e-post adresse og evt om ordrebekrefringa kan ha gått i din søppelpost. Innlagt bestilling er bindande. Om du allikavel ikkje ønskjer denne handelen, ver vennleg å ta kontakt snarast slik at begge partar sparar tid og arbeid.

Levering til utlandet:
Betingelsar gjeld kun for salg i Norge med Svalbard og Jan Mayen. Evt. fraktomkostningar til sistnevnte, må takast over telefon etter ordreregisrering. Kundar utanfor dette området må henvende seg til oss pr. brev, e-post eller telefon.
Undersøking av produkta:
Etter at du har motteke produkta, må du, så snart du har anledning til det, undersøke om leveransa er i samsvar med ordrebekreftinga, om produkta er blitt skada under transport, eller om produkta eller har feil eller manglar. Øvrebø Smykkeverkstad har fokus på solid og godt handverk, om det allikavel skulle vere avvik på kvaliteten må du ta kontakt med oss omgåande.
Uavhenta pakker:
Posten sender ut melding på sms eller epost til deg om at pakka kan hentast straks den er registrert på ditt lokale postkontor. Dersom pakka ikkje er henta innan 14 dagar, returnerast den til oss. Øvrebø Smykkeverkstad forbeheld seg retten til å avkreve et gebyr på 250 kr dersom sendinga ikkje vert henta. Dette gebyret dekker kostnadar ved behandlinga av returen. Å ikkje hente pakka, er ikkje det samme som å benytte seg av angreretten. Ønsker du å benytte deg av 14 dagars angrerett må det avtalast på tlf eller epost, du må då hente ut pakka og ta kontakt for å få returinformasjon. Benyttar du deg av denne retten, vil du kun betale returfrakt.
Angrerett:
Angrerettlova gir deg rett til å angre ditt kjøp. Alle retursendingar må avtalast på telefon eller e-post før retursending. Angreretten forutset at du seinast innan 14 dagar etter at du mottar leveringa gir oss melding om dette (angrefrist). For at angreretten skal kunne gjerast gjeldande, må produktet være levert oss i samme stand som du mottok det. Produktet må vere ubrukt og leverast tilbake i tilhøyrande emballasje. Returporto må betalast av deg. Du har risikoen for transporten tilbake til oss, difor bør du sende det som rekomandert brev eller som pakke slik at sendinga kan sporast. Tilbakebetaling skal finne stad innan 3 veker etter at vi har motteke produktet frå deg. Angrerettskjema skal ligge ved i returpakka, ferdig utfylt. Nærare opplysningar om korleis du benyttar deg av angreretten, framgår av angrerettskjemaet. Viser elles til innhaldet i angrerettslova.

Vi tek forbehold om prisar som openbart er feil og vesentlege svingingar i råvareprisane. Spesielt gjeld det gullprisen.