Istapp anheng
Kjede som passar til: Rund anker 0.3 mm (Kjede er ikkje inkludert i prisen)
- Mål: 24 x 4 mm
- 925 sølv
- ovarflata er lett matt
Historia til Istappen går langt tilbake i tid, heilt bak til oppstarten av bedrifta i 2003. Inspirasjonen til å lage smykket (og øyrepynta) fekk eg ein flott vinterdag på støylen. Der hang det istappar frå taket på selet og eg gjekk heimover med ein av mine første design putta i tursekken. Som nyutdanna gullsmed var det heilt stramme linjer som var naturleg for å meg å jobbe ut i frå den gongen. Kanskje nettopp difor istappen er like aktuell i dag.
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet




