Favoritthjarte - oksidert sølv og gull

Velkommen til Øvrebø Smykkeverkstad

Ps: eg har ikkje alle modellane på lager til ei kvar tid. Det betyr at eg ofte produserer i etterkant av bestilling så difor lyt ein rekne noko leveringstid. Skriv gjerne til kva dato du vil ha bestillinga så skal eg prøve å få det til :-)

Favoritthjarte - oksidert sølv og gull
kr 2.700 Ekskl. moms: kr 2.160

2 av dei mest brukte hjarta er sett saman og vart umiddelbart ein favoritt. Det mest likte bilde på facebook sida, og difor vart namet Favoritt. 42 og 45 cm er mest vanleg lengde på kjede.
Hjartet som er fasettar på er støypt og vidare filt for hand, det gjer at alle hjarta vert ulike og unike. Hjartet du bestiller kan difor avvike noko frå bildet. Det mørke/oksiderte vil lysne ved bruk og verte lys grå. Enkelte likar det endå bedre då, andre vil få det oksidert på nytt.

  • 925 sølv
  • miniatyrhjarte 585 gull, massivt
  • høgda er 22 mm frå spissen av det største hjartet
    til toppen på sirkelen det heng i.
    Eit lite og nett anheng.

Tilgjengelige muligheter


* Velg lengde på kjede - rund anker 0,4:

Antal: Legg i handlekorg