Samhaldring - frost

Velkommen til Øvrebø Smykkeverkstad

Ps: eg har ikkje alle modellane på lager til ei kvar tid. Det betyr at eg ofte produserer i etterkant av bestilling så difor lyt ein rekne noko leveringstid. Skriv gjerne til kva dato du vil ha bestillinga så skal eg prøve å få det til :-)

Samhaldring - frost
kr 2.500 Ekskl. moms: kr 2.000

Kraftige massive ringar, men allikavel gode å ha på pga den runde forma.
Gjer oppmerksom på at det kan vere avvik frå den ringen du ser på bildet til korleis din ring ser ut, dette skuldast at kvar og ein ring vert laga kvar for seg og får personlege ulikhetar.
Ringen får ulike uttrykk alt etter kva breidde du velger, den på bildet er nøyaktig 5.5 mm. Ønsker du at den skal sjå flatare ut velger du breiare, rundare velger du smalare. Ta gjerne kontakt om du er usikker på kva du vil ha.
Bestillinga reknast som ei spesialbestilling. Alle ringane vert laga på mål og i etterkant av bestillinga, personleg tilpassa dine valg og spesifikasjonar, difor kan du ikkje angre kjøpet i etterkant. Dersom ringen ikkje er passeleg finn vi løysingar for dette anten ved byte eller tilpassing om det er muleg (fraktkosnad fram/tilbake dekkast av kunde)

  • 925 sølv (kan lagast i gull på bestilling)
  • 4 mm høg på det høgaste
  • ruglete overflate. Overflata vil endre seg ved bruk, uansett kva type ein velger må ein rekne med at den blir mattare / blankare / mindre markert. Overflata kan friskast oppatt seinare.
  • det er viktig at du bestiller riktig størrelse. Veit du ikkje størrelsen din kan du bestille ein tilfeldig og skrive i kommentarfeltet at du er usikker på størrelse så kan vi ta ein prat og du får tips til korleis du kan finne det ut.

Tilgjengelige muligheter


* Velg breidde:

* Velg ringstørrelse:

Antal: Legg i handlekorg