Stein på stein - armband - ledd

Velkommen til Øvrebø Smykkeverkstad

Ps: eg har ikkje alle modellane på lager til ei kvar tid. Det betyr at eg ofte produserer i etterkant av bestilling så difor lyt ein rekne noko leveringstid. Skriv gjerne til kva dato du vil ha bestillinga så skal eg prøve å få det til :-)

Stein på stein - armband - ledd
kr 4.300 Ekskl. moms: kr 3.440

Stein på stein serien har sitt utspring frå utselet på støylen min. Ein solid mur med ei rik historie, ein mur som står der år etter år til glede for mange generasjonar.
​Armbandet har ei standard lengde på 18,5 cm. Dersom du ser at dette ikkje vil passe skriv du i kommentarfeltet eller tek kontakt så finn vi ei løysing på det. Det er muleg lage det kortare eller lenger, evt med regulering for fintilpassing. Pris vert regulert deretter, det kan vi ta manuelt i etterkant.

  • 925 sølv
  • hjartet er ca 10 x 11 mm 
  • gjer oppmerksom på hjarta ikkje er heilt like, difor kan det vere noko avvik frå bildet
  • ønsker du oksidert/mørk overflate? skriv det i kommentarfeltet
Antal: Legg i handlekorg