Drivkraft

Drivkraft

Å finne svar når eg går i naturen er eg ikkje aleine om.
Ein kan undre seg kvifor svara dukkar opp der ute?
Mine svar finn eg ofte i ein motbakke, oppover på eit fjell i Jølster. Det som i lengre tid har vore utydeleg får eg oversikt over når eg trakkar i ei god råk med klår utsikt. Andre gongar er det ei naturoppleving i seg sjølv som gjer at tid og stad stoppar opp og eg ser klårare.



Smykkeserien DRIVKRAFT er det næraste ein kjem eit augneblink i edelt metall. Eg har forsøkt å støype augneblinken i metallet; den ruglete overflata symboliserer krafta i fossen som gjer at vatnet driv i lufta og legg seg som eit slør kring seg i form av pittesmå dropar. Den herlege kjensla av noko reint og friskt som treff andletet, ei påminning om dei sterke kreftene kring oss og i oss.

Det handlar om å vere tett på noko ekte, noko sterkt og tydeleg.
Som å kjenne kreftene til Ørbefossen bruse heilt bort på Drevet og legge att desse små dropane er ei fysisk oppleving som skaper tydelege, reine og klåre augneblink - for meg.
Naturen er tydeleg. Den gir oss signal når den har det bra, og omvendt.
Vi må ta vare på dei ressursane den byr oss. Dette konkrete som skjer med vatnet som brusar frå fossen flettar seg inn vårt indre. Vår indre motor. 
Vi må vere oss bevisst på våre eigne ressursar og ta vare
på dei - det er dei i sum, som er kvar og ein si drivkraft.
Ein høyrer ofte folk spørje: kva er di drivkraft for....?
Det er for meg vanskeleg å svare på for eg ser på drivkraft som ein indre motor.
Den treng vedlikehald og kan ikkje ha full gass heile tida.
Slik som fossen, den har ulik kraft kvar dag, regulert frå naturen si side. 

Drivkraft er noko alle har, for eitkvart. Truleg har ein eit driv og ei kraft for mykje meir enn ein sjølv trur. Ofte treng vi ei påminning om at nettopp våre ressursar og vårt driv er med på å få tannhjula til å gå rundt, anten det er i heimen, på arbeidsplassen, eller i livet til nokon. 



Kvar og ein lyt legge det ein vil i ordet Drivkraft, og dei aller fleste anar ikkje kor eg 'er' når eg beskriv lokale områder i naturen kring meg der eg får slike  naturopplevingar som med dropane på Drevet. Det viktige er at kvar enkelt er bevisst si eiga drivkraft, at den er der - for noko eller nokon.




Legg att ein kommentar

Merk at kommentarar må godkjennast før dei publiserast.