Betingelsar og vilkår

Partane
Selgar er: ØVREBØ smykkeverkstad ved Anne Lise Øvrebø, Besøksadresse: Jølstravegen 1670, Postadresse: Ålhusvegen 221, e-post: smykkeverkstad@gmail.com, telefon: 45471949, org.nr: 985182973, og blir kalla 'selgar/selgaren' eller oss i 'dei' følgande punkta.

Kjøpar er den forbrukaren som føretek bestillinga, og blir kalla 'kjøpar/kjøparen' eller 'du' i dei følgande punkta.

Det er 18 års aldersgrense for å handle i nettbutikken smykkeverkstad.no / smykkesmed.no

Betalingsmåte
ØVREBØ smykkeverkstad brukar Vipps som betalingspartner.

Levering og Fraktkostnadar:
Alle produkt sendast som Norgespakke og har eit fast beløp på 79,-
Bestillingar med verdi under 2500,-
sendast som Norgespakke 0-5 kg og blir levert direkte i din postkasse om det er plass (viss ikkje plass må du hente sjølv på Posten).
Dersom du av ulike årsaker ikkje ønskjer at pakken blir levert direkte i din postkasse må di gje beskjed til ØVREBØ smykkeverkstad snarast.
Sendingar med verdi over 2500,-
sendast som Norgespakke 0-10 kg og må hentast på Posten.

Ved å handle i nettbutikken trengs det enkelte peronopplysningar for å sende bestillinga til deg. Desse opplysningane vert kun brukt til dette føremålet:
Navn og adresse: for å kunne sende pakka til deg og til di adresse
Epost:
Når bestillinga di er gjennomført får du ein automatisk ordrebekrefting til epostadressa di. Du kan bli kontakta på epost frå gullsmeden om det er spørsmål kring ordren din eller andre ting som omfattar detaljar på smykket, sendinga eller anna som omfattar bestillinga.
Telefonnummer:
Du vil få hentemelding på sms frå posten når pakka er på veg eller er komt fram til hentestaden/post i butikk. Du kan bli kontakta på telefonnummer frå gullsmeden om det er spørsmål kring ordren din eller andre ting som omfattar detaljar på smykket, sendinga eller anna som omfattar bestillinga.

Prisar Alle prisar innkluderer 25% mva og er oppgjeve i norske kroner. Dersom mva. eller andre avgifter endrast vert prisane endra tilsvarande.

Bestilling Ein ordre er gyldig når betalinga er fullført. Ordrebekrefting får du pr.e-post, dersom du ikkje får det må du sjekke at du har oppgjeve riktig e-post adresse og evt om ordrebekrefringa kan ha gått i din søppelpost. Innlagt bestilling er bindande. Om du allikavel ikkje ønskjer denne handelen, ver vennleg å ta kontakt snarast slik at begge partar sparar tid og arbeid.

Levering
Levering har skjedd når kjøparen har henta vara på avtalt hente-/leveringstad, eller den kjøpar har gitt i oppdrag å ta i mot eller hente vara.
Hvis selgar har ein avtale med en transportør om frakt av vara til kjøpar, skjer levering først når vara er overtatt av kjøpar.
Levering har skjedd når kontroll over vara har gått over på kjøpar, eller den transportøren som kjøpar sjølv har inngått avtale med. Levering har skjedd når vara er lagt i kjøparen si postkasse av selgaren sin transportør (Posten), kjøparen sin eigen transportør, eller når vara er levert av selgar etter avtale med kjøpar i kjøpar si postkasse, arbeidsplass, nabo, garasje eller anna avtala plass.

Levering til utlandet:

Betingelsar gjeld kun for salg i Norge med Svalbard og Jan Mayen. Evt. fraktomkostningar til sistnevnte, må takast over telefon etter ordreregisrering. Kundar utanfor dette området må henvende seg til oss pr. brev, e-post eller telefon.

Uavhenta pakker:
Posten sender ut melding på sms eller epost til deg om at pakka kan hentast straks den er registrert på ditt lokale postkontor. Dersom pakka ikkje er henta innan 14 dagar, returnerast den til oss. ØVREBØ smykkeverkstad forbeheld seg retten til å kreve et gebyr på 250 kr dersom sendinga ikkje vert henta. Dette gebyret dekker kostnadar ved behandlinga av returen. Å ikkje hente pakka, er ikkje det samme som å benytte seg av angreretten. Ønsker du å benytte deg av 14 dagars angrerett må det avtalast på tlf eller epost, du må då hente ut pakka og ta kontakt for å få returinformasjon. Benyttar du deg av denne retten, vil du kun betale returfrakt.
Angrerett:
Angrerettlova gir deg rett til å angre ditt kjøp. Alle retursendingar må avtalast på telefon eller e-post før retursending. Angreretten forutset at du seinast innan 14 dagar etter at du mottar leveringa gir oss melding om dette (angrefrist). For at angreretten skal kunne gjerast gjeldande, må produktet være levert oss i samme stand som du mottok det. Produktet må vere ubrukt og leverast tilbake i tilhøyrande emballasje. Returporto må betalast av deg. Du har risikoen for transporten tilbake til oss, difor bør du sende det som rekomandert brev eller som pakke slik at sendinga kan sporast.

Tilbakebetaling skal finne stad innan 3 veker etter at vi har motteke produktet frå deg. Angrerettskjema skal ligge ved i returpakka, ferdig utfylt. Nærare opplysningar om korleis du benyttar deg av angreretten, framgår av angrerettskjemaet. Viser elles til innhaldet i angrerettslova.

Undersøking av produkta:
Etter at du har motteke produkta, må du, så snart du har anledning til det, undersøke om leveransa er i samsvar med ordrebekreftinga, om produkta er blitt skada under transport, eller om produkta eller har feil eller manglar. Øvrebø Smykkeverkstad har fokus på solid og godt handverk, om det allikavel skulle vere avvik på kvaliteten må du ta kontakt med oss omgåande.
Mangel ved vara - kjøparen sine rettigheiter og reklamasjonsfrist Viss det er ei mangel ved vara må du innan rimeleg tid etter at den blei oppdaga eller burde ha blitt oppdaga, gje selgar melding om at du vil påberope deg mangelen. Kjøpar har alltid reklamert tidsnok dersom det skjer innen 2 mnd. frå mangelen blei oppdaga eller burde blitt oppdaga. Reklamasjon kan skje seinast to år etter at kjøpar overtok vara. Dersom vara eller deler av den er ment å vare vesentlig lenger enn to år, er reklamasjonsfristen fem år. Ved reklamasjon etter 6 mnd etter mottak av vara må du kunne sannsynleggjere at feilen var tilstades ved mottak av vara.

Selgar tek atterhald om rett til å reparere vara dersom det ikkje er råd å lage ei ny eller om vara t.d. er gått ut av produksjon, eller om det vil medføre ein kostnad som er mykje høgare enn salgssummen på kjøpstidspunktet ved å lage eit nytt produkt. Dersom vara har ein mangel og dette ikkje skyldast kjøparen eller forhold på kjøparen si side, kan kjøparen i samsvar til reglane i forbrukarkjøpslova kapittel 6 etter omstendighetene halde kjøpesummen tilbake, velge mellom retting og omlevering, kreve prisavslag, kreve avtalen heva og/eller kreve erstatning fra selgeren.

Reklamasjon til selgar bør skje skriftleg og du blir kanskje bedt om å sende foto av produktet.

Reklamasjon gjeld ikkje for slitasje som kjem av normal eller unormal bruk. Alle smykker vil endre utsjånad uansett bruk, t.d. både overflater vil endre seg og materialtap må ein også rekne med.

Konfliktløysing: Partane skal forsøke finne minneleg ordning på eventuelle tvistar. Dersom dette ikkje lukkast kan kjøpar ta kontakt med Forbrukerrådet for mekling. Forbrukerrådet er tilgjengeleg på telefon 23 400 500 eller www.forbrukerradet.no.

Vi tek forbehold om prisar som openbart er feil og vesentlege svingingar i råvareprisane. Spesielt gjeld det gullprisen.