Stein på stein, Samhald og Åkle er nokre av kolleksjonane som har vakse fram på gullsmedbenken sidan 2003. Namna er ikkje tilfeldige og kan seiast å vere grunnsteinane til denne verkstaden som held til i ei lita grend i den rikhaldige bygda Jølster.
❤️
Smykkene er designa av gullsmed og filigransarbeidar Anne Lise V. Øvrebø. Alle smykkene er massive og laga i 925 sølv eller 14k gull.
Laga med omtanke - Gitt med omtanke
❤️
❤️ JULEOPE ❤️
Det blir julebutikk på Ålhus laurdag 5.desember kl. 12.00 15.00. I lokalet ved E39 er det julestemning og smykker utstilt denne dagen. Nytt høvet å sjå smykkene, kjøpe ei julegåve eller slå av ein smykkeprat.
🎄Følg med her for fleire opningsdagar før jul 🎄
❤️
NB: Eg deltek på ein liten og koseleg julemarknad i Førde 28.november kl 11.00 - 15.00. Då er eg å finne i lokala til Marihøna Sy- og keramikkverkstad i Fjellvegen 10 ('Brunosten'), meir informasjon kjem!

Attåt-hjartet
Eit bittelite hjarte i sølv, komplett med kjede - klart til å pakkast inn ❤️


Samspel
Smykker laga i og av naturen - Alle ulike, alle unike. Eit unikt samspel mellom eld, glødande metall, vatn og ein gullsmed.
↪ Ta gjerne kontakt for leveringstid på utselde produkt. Det som ikkje står utseld på er ferdig produsert og klar til sending eller henting på Ålhus.

Åkle og valmue
Åkle-serien frå 2009 har sitt utspring frå inntrykka eg fekk i ei vevstove som lita. Finn din åkle-favoritt her!
"Eg har eit ønskje om at smykkene eg lagar gir eigarglede over tid. Linjene er klassiske og reine, målet er at dei skal kunne vere med deg både i dag og i framtida."

Eineståande
Er du ute etter noko heilt spesielt? Under kategorien Eineståande finn du smykker som er laga i kun 1 eksemplar. Kanskje du finn den perfekte gåva her?

Attåt
Delikate små attåt-hjarte. Desse fine hjarta kan du bruke aleine på eit kjede eller henge attåt andre anheng du har frå før. Når du ikkje trudde det gjekk an å lage fleire og mindre hjarte så gjorde eg nettopp det!


















