Samspel Nr. 3
Eit unikt samspel mellom eld, glødande metall, vatn og ein gullsmed. Elementa rår over resultatet, temperatur spelar inn, gullsmeden kan påverke litt, men det einaste som er sikkert er at det edle metallet finn si eiga form og ro når det treff vatnet.
- Resikulert 925 sølv
- Kjede i 45 cm inkludert
- Mål på anheng: ca 15 x 15 mm utan hempa
- Smelta i: Jølstravatnet, på Ålhus
Vasstøyp er ein fleire tusen år gammal teknikk, og ein kjent metode for å resirkulere metall. Ein kan gjere det enkelt ved å tappe vatn frå krana og tømme smelten i ei bøtte. Eg ville gjere det på min måte og drog med meg smelteutstyr ut i naturen, denne gongen ned til Jølstravatnet på Ålhus. Omkransa av ein storslegen natur smelta eg sølvet og tømte det i vatnet der det landa på ein medbrakt gammal takstein av skifer. Samspel-smykkene blir såleis forma i og av det reine vatnet, og kvart eit smykke får sitt eige uttrykk.
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet

