Samling: bevArt

Det gir ekstra meining å kunne gjere seg nytte av omlag alt 'kapp' frå produksjonen, for ikkje å snakke om forkasta deler frå produktutvikling og utgåtte modellar. Sjølv om det er mykje smått eg jobbar med så blir det mange gram som samlar seg opp over tid. Tida er inne for å gjere noko med denne verdifulle haugen, og sidan edelt metall kan brukast omatt gong på gong, kan eg smelte alt som er utan loddemetall om til nye smykker. Dette er ein berekraftig produksjon som eg glad for å kunne gjere på min verkstad. Smykkene som blir laga på denne måten finn du under ei eiga samling som er beskrivande på fleire vis: bevArt. Smykkene blir sandstøypt og kvart enkelt smykke får eigne spor når dei er produsert på denne måten. Har du gammalt gull du ikkje brukar er desse modellane du finn her ypparlege å ha som utgangspunkt til omsmelting, ta gjerne kontakt.

bevArt

Filter:

Tilgjengelighet
Pris
Den høgaste prisen er 13.600,00 kr Tilbakestill
kr
kr

6 produkter

Filtrer og sorter

Filtrer og sorter

6 produkter

Tilgjengelighet
Pris

Den høgaste prisen er 13.600,00 kr

kr
kr

6 produkter