BevArt - Kjerneved sirkel
Eit massivt sandstøypt anheng som er laga av resirkulert sølv frå eigen verkstad (les meir her). Kvart og eit smykke får eit unikt og robust særpreg og difor kan det du får avvike noko frå bildet. Kjede i regulerbar lengde 42/45 cm er inkludert i prisen (rund anker 1,5 mm).
- 925 sølv
- ca 15 mm diameter
Kjerneved, også kalla alved er den innerste og eldste delen i ein trestamme. Å lage eit smykke som viser kjærleik til treverk var naturleg då eg er svært glad i tre og skog, samt gammalt treverk i form av møblar og tømmer. Mange er heldige som har arva smått og stort, kanskje det er ein skammel frå mormor? Eit framskåp som er laga av tippoldefar? Alle minnene som sit i treverket, sjela og kvaliteten i treet gir varme i ein heim, noko som skapar miljø inne og sparar miljøet ute, om det blir bevart.
Det unike og forseggjorde handverket vi ser i dei gamle tre-skattane går hand i hand med mitt fag, så no har eg freista å foreine handverk og sjel, miljø, ved og kjærleik i eit smykke.
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet

