bevArt - Berekraftige smykker

bevArt - Berekraftige smykker

I løpet av desse 25 åra eg har jobba som gullmed har det havna mykje forskjellig i skuffene mine. Når ein lagar kolleksjonar, testar ut modellar, prøvar og feilar - ja, då blir det restar, kapp og anna som ein ikkje heilt veit kva ein skal gjere med. Det fantastiske med edelt metall er at det kan smeltast om og såleis resirkulerast.

Det gir ekstra meining å kunne gjere seg nytte av omlag alt 'kapp' frå produksjonen, for ikkje å snakke om forkasta deler frå produktutvikling og utgåtte modellar. Sjølv om det er mykje smått eg jobbar med så blir det mange gram som samlar seg opp over tid. Tida er inne for å gjere noko med denne verdifulle haugen, og sidan edelt metall kan brukast omatt gong på gong, kan eg smelte alt som er utan loddemetall om til nye smykker. Dette er ein berekraftig produksjon som eg glad for å kunne gjere på min verkstad. Smykkene som blir laga på denne måten finn du under ei eiga samling som er beskrivande på fleire vis: bevArt. Smykkene blir sandstøypt og kvart enkelt smykke får eigne spor når dei er produsert på denne måten.Har du gammalt gull du ikkje brukar er desse modellane du finn her ypparlege å ha som utgangspunkt til omsmelting, ta gjerne kontakt.

Legg att ein kommentar

Merk at kommentarar må godkjennast før dei publiserast.