Blåklokke i gullbronse utan kjede
Introduksjonstilbud til og med 1.november!
Eg har eksprimentert og har fått støypt blåklokka i gullbronse, dei blei så vakre i dette gyldne metallet! Bla i bildene for å sjå eksempel med kjede og i lag med ei miniatyrblåklokke.
- mål: ca 22 x 14 mm inkl. hempe
Laga i tambak (messinglegering av kopar og sink, uedelt metall - oftast kalla gullbronse pga den vakre fargen) Med tida kan metallet utvikle ein unik og fin patina som gir smykket karakter. Ein kan sjølvsagt pusse det for å få fram den klare gyldne fargen igjen. Bruk gjerne utanpå kle, enkelte kan oppleve at huden blir grøn med direkte kontakt. Eg har testa, men det har ikkje skjedd med meg.
Eit smykke som ber med seg minner frå barndommen. Små steg langs ein grøftekant med handa full av fine blomar, der den aller finaste var blåklokka. Tanken på å skape den i edelt metall har eg hatt med meg lenge, men prosessen stoppa opp mang ein gong. Den var ikkje så enkel å få til rett og slett. Eg lagar massive smykker der det ikkje blir spara på godset, noko som blir i strid med uttrykket til ein skjør plante som har veldig tynn stilk og utstikkande begerblad. Eg lot forma og teksturen vere det viktigaste i skapar-prosessen og detaljane er med på min måte. Resultatet blei eit yndig, men solid blåklokke-smykke som eg håpar har ein gjenkjenneleg signatur 😊
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet

