Harde fakta om vedlikehald og bruk av smykker.

Harde fakta om vedlikehald og bruk av smykker.

Før du går i gong å lese vil eg sei at korleis du vel å bruke smykkene dine er naturlegvis heilt opp til deg 😊 Det fine med edelt metall er at det som regel går greit å få fint igjen om det er blitt grått og glanslaust, i tillegg kan delar bytast ut eller forsterkast. Kor ofte ein må gjere dette har med bruk og vedlikehald å gjere. Teksten under her er for deg som ønsker å behalde smykket lengst mogleg utan å reparere eller byte delar.

Ofte møter eg kundar som stolt viser fram at dei går med smykket sitt kvar einaste dag. Det er jo veldig veldig stas at mange føler at smykket er blitt ein del av dei og at dei knapt har hatt det av sidan dei fekk det.

Når det er sagt så er det ingen smykker som er laga for å brukast kva einaste dag. Sjølv om eg er raus med metallet på smykkene eg lagar så blir det veldig mykje slitasje dersom ein brukar det kvar einaste dag. Dvs det kan ein sjølvsagt gjere, men då lyt ein pårekne meir kostnadar angåande vedlikehald og reparasjon/forsterking av delar. 
Nokre vel å ha det på også på natta. Har du tenkt på at det blir dobbelt så mykje slitasje på smykket ditt om du har det på deg då også? Først og fremst så kan ein nesten garantere at kjedet vil slite når du vrir deg, i tillegg blir det mykje støv på smykket og mellom delane, noko som gjer til at dette blir liggande å gnisse mellom hemper og ledd noko som gjer at det fortare utslete.

Badar du med det i klor og saltvatn?
Eg samanlinkar det med å bade med slikeblusen. Ikkje lurt!
Ikkje nok med at smykkene oksiderer og blir glanslause, kan klor føre til at t.d. loddingar blir påverka og svake – rett og slett sprekke opp. Klor er ein gass og denne likar ikkje dei mjuke edle metalla.
Om du skulle vere uheldig å miste smykket ditt medan du badar vil det synke rett til bunns då det faktisk veg nokre gram.

Trenar du med smykket ditt?
Ikkje gjer det! Smykkene eg lagar har ofte raust med metall og for dei er dette (faktisk) ekstra gale. Når du spring eller bevegar deg hurtig vil smykket slenge og hoppe rundt, då blir det stor slitasje både på kjede og hempe når du/det tunge smykket ‘landar’. I tillegg vil den salte sveitta legge seg på smykket og gjere det glanslaust, i verste fall svart.

Brukar du parfyme og bodylotion/solkrem?
Dette gjer vi vel alle av og til, gjerne dagleg. Då vil eg anbefale deg å vente minimum 30 min før du tar på smykket ditt. No tenkjer du kanskje at jammen eg har det jo på meg når eg smører meg inn, berre flyttar litt på det... Edelt metall treng ikkje slik ‘pleie’ som huden vår. Metall og hud er heilt ulike ting og må behandlast ulikt. Tenk også på øyrepynten din, trur du den set pris på å få ein dusj med hårspray og liknande? Nei, den får eit seigt belegg som må vaskast av, i tillegg kjem den til å oksidere. Eg tek som regel av meg smykker når eg skal på stranda eller gå på fjellet.

Naturleg okisidering
I tillegg til ytre påverknader vil alle som har smykker, spesielt sølvsmykke oppleve at desse kan bli glanslause og grå etter tid. Det er også induviduelt om smykke blir grå/okisderer ved bruk. Nokre opplever at smykka blir grå veldig fort då dei har dei tett på huden, medan andre kan gå med smykke utan at dei endrar farge nevneverdig. Dei som opplever at smykka blir grå skiljer mest truleg ut ei stoff frå kroppen som sølvet reagerer med slik at det oksiderer fortare. Det kan vere enkelte medisinar ein brukar, mat ein har ete eller andre ting. Det skjer rett og slett ein slags kjemisk reaksjon.
Sølv reagerer også på fuktighet, temperatur, hudkremar og stoff som sviv i lufta. Badet er såleis ein ueigna plass å oppbevare smykka dine, der er både vekslande temperatur og fuktig, noko som vil framskunde oksideringa.

Oksiderte smykker
Enkelte av modellane eg lagar oksiderer eg. Det er dei du ser i nettbutikken som er går/svarte. All slik oksidering vil slitast av med tida, ofte blir smykkene finare når dei har fått naturleg slitasje og enkelte lyse parti vil komme fram. Om smykket er blitt veldig lyst så går det an å oksidere det på nytt.

Rens og vedlikehald
Det finnast mange måtar å få smykkene blanke og skinande igjen. Ein enkel metode for å få av feitt frå kremar og hudfeitt er å burke godt varmt zalovatn. Legg smykket i vatnet nokre minutt, bruk ei mjuk fille eller ein mjuk tannbørste for å komme inn i krikar og krokar (vurder ut i frå kva overflate det er på smykket). Skyll og tørk godt, gjerne med hårfønar.
For å få vekk naturleg oksidering lyt ein gjerne til med noko kjemisk, som ein dip (flytande veske). Les alltid kva som står på boksen og hugs å reingjere smykket med zalo før du legg det i dip'en.
Får det du det ikkje fint igjen med desse metodane eller kjerringråd du stolar på kan du ta kontakt så avtalar vi korleis eg kan få det om hende og fikse det til deg :-)

Oppbevaring
Når du ikkje brukar smykket anbefalar eg at du legg det i ein lufttett pose (ikkje børdpose), eller ein stoffpose som følgjer med smykkene frå ØVREBØ. Legg det på ein mørk sval plass, t.d. soverommet, gjerne i eit smykkeskrin. Smykket må alltid vere heilt reint og tørt når du gir det ein brukspause.


 

Legg att ein kommentar

Merk at kommentarar må godkjennast før dei publiserast.