FJELLFLORA

FJELLFLORA

FJELLFLORA
🌱
Ny kolleksjon som har den flotte fjellfloraen vår i fokus.
Eg har sett meg ut plantar som veks i mitt område her vest og brukar dei som utgangspunkt for dei nye seriane. Ein av dei første plantane eg har tatt med frå fjellet til gullsmedbenken er ei bregneart i hestesprengfamilien. Frå eg var lita har eg hatt eit forhald til denne planten då den veks rundt heile selet vårt på støylen og i heile dalen der. Det skal vere sagt at det var ein god støylsnabo som fekk meg til å verkeleg studere planten.
Det var ‘sparket’ som sette meg i gong med Fjellfloraen.
Takk til Toril!
🌱
Etter å ha studert planten oppdaga eg noko spesielt; frå same rota veks det opp stilkar med veldig ulike uttrykk. Det er som i ein familie og i ei slekt tenkjer eg.
Ein har same utgangspunkt og røter, men ein veks og utviklar seg på sin måte og alle blir unike og ulike. Stilkane står så tett at med første augekast legg ein ikkje merke til korleis kvar og ein ser ut, eller at dei er ulike. Dette var ei fasinerande oppdaging, noko som førte til at eg har googla i timar for å finne ut mest mogleg om planten og kvifor den er slik.
No skal eg ikkje gå veldig djupt inn i dette, men det viste seg at dei 2 stilkane eg har valt ut har ulike funksjonar. Den med enklast blad har sporar som gjer at planten kan formeire seg, og den med litt meir krusete blad driv fotosyntese.
Eg har forstørra opp detaljane veldig i forhald til kva storleik planten har i utgangspunktet, samtidig har eg forenkla anna.
Sidan namnet hestespreng ikkje kling så godt i smykke-språket har eg valt å bruke Fjellflora og heller nummerere kvart design (takk til svigermor for den idèen!).
Då står eg fritt til å la kolleksjonen vekse i takt med nye funn i fjellet.
No er Fjellflora 1 og Fjellflora 2 på plass i nettbutikken.

Anne Lise
🌱
Her er snarveg til nettbutikken
FJELLFLORA
🌱
Fotogalleri frå prosessen

1 kommentar

Bare helt nydelig ❤️

Unni Jensen

Legg att ein kommentar

Merk at kommentarar må godkjennast før dei publiserast.