Å K L E

Å K L E

ÅKLE serien frå 2009 har sitt utspring frå inntrykka eg fekk i ei vevstove som lita.

Tanta mi og mor hennar hadde vevstove, dei vov eit utal av åkle som truleg prydar veggar og senger rundt i heile landet. I denne stova var eg mykje då eg var lita. Eg kan endå kjenne lukta av tømmer og ull, høyre lyden av raske fingrar som for over renningane, den dempa lyden vevskeia og trøa. Det var ei oppleving å sjå på samarbeidet når 2 personar vov i takt på dei flotte smettåklea. Som 6-7 åring så var ikkje det heilt enkelt å spole opp tråd, men prøve fekk eg!
Vi var gjerne heile dagane i vevstova, og eg var nok litt høgt og lavt i dei vevstolane som ikkje var i bruk, det var moro å klatre der, men eg måtte love å passe meg for lodda. Treverket i vevstolane hadde ei usedvanleg mjuk og glatt overflate, stor kontrast til den grove ulltråden. 

På ungdomskulen skulle vi ha utplassering i bedrift. Heldig var eg som fekk vere 14 dagar i vevstova. Eg fekk veve eit lite åkle på den finaste vevstolen, den minste veven som var så søt! Skikkeleg stas å sitte der og få prøve seg på eit skikkeleg arbeid.
Mitt første (og einaste) smettåkle vov eg då. Å gjere seg flid på eit slikt arbeid kjem heilt naturleg, arbeide jamn og trutt, kjenne seg fram, bli kjend med tråden, få jamne kantar, gjere feil. Prøve på nytt. Fullføre.

Alle inntrykka frå desse dagane er på eit vis vove inn i skaparkrafta mi. Tråd har eg hatt eit nært forhald til heile livet då mamma er ei levande strikkemaskin. Kan ikkje hugse å ha sett ho utan eit strikketøy og det er slik at ho kan ringe for å sei; i dag har eg ikkje strikka !?!  Eg tenkjer; ja, det er faktisk så store nyheiter at det bør kringkastast :). Lyt legge til at det er ikkje ofte eg får telefon om akkurat det...

Med alt dette handarbeidet og trådane i livet mitt så var det naturleg å ta tradisjonen vidare på min måte med mitt handverk. Mønsteret eg har valt ut er frå eit smettåkle med lange tradisjonar i Jølster. Det er også det mønsteret eg vov den gongen på ungdomskulen. 

Åkle smykkene finn du her




Legg att ein kommentar

Merk at kommentarar må godkjennast før dei publiserast.