Hopp til produktinformasjon
1 av 4

Blåklokke og Attåt-hjarte

Vanlig pris 5.650,00 kr
Vanlig pris Salgspris 5.650,00 kr
Salg Utseld
inkl. 25% mva
  • kjede 42 cm er inkludert i prisen (rund anker 1,5 mm)
  • 925 sølv
  • attåt-hjarte i 14k gull
  • mål: ca 22 x 14 mm inkl. hempe

Eit smykke som ber med seg minner frå barndommen. Små steg langs ein grøftekant med handa full av fine blomar, der den aller finaste var blåklokka. Tanken på å skape den i edelt metall har eg hatt med meg lenge, men prosessen stoppa opp mang ein gong. Den var ikkje så enkel å få til rett og slett. Eg lagar massive smykker der det ikkje blir spara på godset, noko som blir i strid med uttrykket til ein skjør plante som har veldig tynn stilk og utstikkande begerblad. Eg lot forma og teksturen vere det viktigaste i skapar-prosessen og detaljane er med på min måte. Resultatet blei eit yndig, men solid blåklokke-smykke som eg håpar har ein gjenkjenneleg signatur 😊