Hopp til produktinformasjon
1 av 5

Flyt armring - Frost

Vanlig pris 6.500,00 kr
Vanlig pris Salgspris 6.500,00 kr
Salg Utseld
inkl. 25% mva
Tilgjengeleg alernativ
Flott sandstøypt armring i 925 sølv. Sandstøypeprosessen gjer at kvar og ein armring får sitt personlege preg. Enkelte porar frå støypinga kan forekomme.
  • 925 resirkulert sølv
  • Frost overflate (matt)
    Den andre armringen på bildet er polert/blank
  • 6 mm på det breiaste
  • 65 mm innvending diameter. Kan lage andre storleikar på bestilling (inntil 4 veker leveringstid på bestillingsvare)
  • Usikker på storleik? Ta gjerne kontakt.
For spesielt interesserte er her kort fortalt om den krevjande prosessen med å framstille denne armringen: Den er først teikna i 3D på data og seinare frest ut i voks. Sidan min fres ikkje har stort nok arbeidsområde til armring måtte eg jukse ved å frese ut voksmodellen i 2 halvdelar. Desse blei seinare tatt avtrykk av i sand og støypt kvar for seg og vidare lodda saman til ein heil armring. Denne blir den første proto-typen som eg igjen har tatt fleire avstøypingar av. Dei neste avstøypingane er justert til ulike storleikar og er utgangspunktet for nytt avtrykk i sanden og støyping av endeleg armring. Når alle desse prosessane har ein liten krym så har det vore mykje å berekne, men eg er fornøgd med det endelege resultatet angåande dimensjon. Litt tungvint, men for meg ein riktig måte å gjere dette på slik at eg kan tilby å lage denne armringen i dei fleste storleikar. Det er viktig for meg å framstille alle original-modellar sjølv, godt å vere sta og seig i slike porsessar som krev det 'lille' ekstra.