Hopp til produktinformasjon
1 av 6

Resirkel ring (Bestillingsvare)

Vanlig pris 1.590,00 kr
Vanlig pris Salgspris 1.590,00 kr
Salg Utseld
inkl. 25% mva
Størrelse
    Sandstøypt ring i 925 sølv. Ringen blir laga i etterkant av di bestilling, leveringstid er inntil 4 veker, ta gjerne kontakt angåande leveringstid på din størrelse. Ringen er organsisk og rund i forma, ingen blir like. Overflata har spor etter sanden den er støypt i og kan ha porar som er unike for kvar ring. Rundt 3 mm i breidde/høgde, ein ganske kraftig ring. Kan lage i alle storleikar, også større enn 61. Ringen kan sjølvsagt også brukast som anheng i eit kjede.
      I løpet av desse 20 åra eg har jobba som gullmed har det havna mykje forskjellig i skuffene mine. Når ein lagar kolleksjonar, testar ut modellar, prøvar og feilar - ja, då blir det restar, kapp og anna som ein ikkje heilt veit kva ein skal gjere med. Det fantastiske med edelt metall er at det kan smeltast om og såleis resirkulerast. Av desse kappa og restane har eg laga ein modell som heiter Resirkel-ring. Ringen blir sandstøyt og alle blir ulike. Dei blir omsmelta av smått og stort i 925 sølv til ein ny nice ring. Kanskje inneheld ringen ein del frå utrøvingsfasen til Sunnfjord sitt nye ordførarkjede? Frå kongle produksjonen? Eller eit dumpa hjarte, stein på stein, ein gammal edel fisk.... kven veit.