Hopp til produktinformasjon
1 av 6

Åkle - smykke med emalje

Vanlig pris 1.900,00 kr
Vanlig pris Salgspris 1.900,00 kr
Salg Utseld
inkl. 25% mva
Velg emaljefarge
Bestillingsvare med inntil 3 veker leveringstid.
Kjede i regulerbar lengde 42/45 cm er inkludert i prisen. Du kan velje mellom fargane: Brevatn, vår, vinter og skog. Gjer oppmerksom på at fargen frå smykke til smykke kan variere då det er mykje som påverkar korleis det endelege resultatet blir.
  • 925 sølv, oksidert
  • regulerbar lengde: 42/45 cm (rund anker 1,5 mm)
  • sjølve rosa er 14x14 mm
  • emalje er glass, dvs at det kan ta skade om du t.d mister det i golvet
Ordet åkle kjem frå det gamalnorske ordet àklæethi som betyr sengeteppe. Åkle er eit vove teppe med ulike mønster som varierar frå stad til stad.  Åklea vart brukt som sengeteppe, dekorative bordteppe, veggpryd og som kyrkjekunst. I dag er teppa ein del av vår kulturarv. Eg har freista å ta tradisjonen vidare på min måte med mitt handverk. Mønsteret eg har valt ut er frå eit smettåkle med lange tradisjonar i Jølster. Les her om historia bak smykkene som har sitt utspring frå vevemønster.