Hopp til produktinformasjon
1 av 5

Valmue Erindring - armband

Vanlig pris 1.850,00 kr
Vanlig pris Salgspris 1.850,00 kr
Salg Utseld
inkl. 25% mva
Fint og tidlaust armband i Valmueserien. 
  • 925 sølv
  • regulerbar lengde 16 - 19 cm
  • miks av lyst og oksidert sølv
Til denne kolleksjonen har eg henta inspirasjon frå eit vevemønster teikna av Nikolai Astrup (1880-1928). Han vaks opp på prestegarden her på Ålhus og det er ei glede for meg å kunne bruke dette flotte mønsteret som grunnlag og utgangspunkt til Valmueserien. Eg har sjølv vakse opp med dette mønsteret som eit setetrekk på ein gammal sofa laga av mine forfedrer. Sofaen står den dag i dag i husets hjarte; gamlestova. Les her om historia bak smykkene som har sitt utspring frå vevemønster. Valmue Erindring blei designa i forkant av utstillinga 'LIVSNERVEN - frå stove til atelier' som opna på Eikaasgalleriet i mai 2025. Eg hadde eit ønskje om å vise Valmueserien frå ei ny side. Vev, næring, lokalt handverk og design frå årtider er løfta fram i utstillinga. Mine erindringar frå ei god og varm vevstove i barndommen har eg med meg alltid, anten i minnet eller rundt halsen.