Valmue ring (bestillingsvare)
-
Leveringstid på ring er inntil 4 veker, ta gjerne kontakt angåande leveringstid på din størrelse. Derom du ikkje veit størrelse kan du bestille ein tilfeldig, ta så kontakt så finn vi ut av det.
- 925 sølv, oksidert.
-
Oksidering vil slitast vekk med tida, men sølv kan oksiderast på nytt. Oksideringa varer lenger om du ikkje har den i vatn ofte (den toler ein lett vask ein gong i blant).
Ordet åkle kjem frå det gamalnorske ordet àklæethi som betyr sengeteppe. Åkle er eit vove teppe med ulike mønster som varierar frå stad til stad. Åklea vart brukt som sengeteppe, dekorative bordteppe, veggpryd og som kyrkjekunst. I dag er teppa ein del av vår kulturarv. Eg har freista å ta tradisjonen vidare på min måte med mitt handverk. Mønsteret eg har valt ut er frå eit smettåkle med lange tradisjonar i Jølster. Les her om historia bak smykkene som har sitt utspring frå vevemønster. Valmue Erindring blei designa i forkant av utstillinga 'LIVSNERVEN - frå stove til atelier' som opna på Eikaasgalleriet i mai 2025. Eg hadde eit ønskje om å vise Valmueserien frå ei ny side. Vev, næring, lokalt handverk og design frå årtider er løfta fram i utstillinga. Mine erindringar frå ei god og varm vevstove i barndommen har eg med meg alltid, anten i minnet eller rundt halsen.
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet

